Nynorsk

Korrektur, språkvask og omsetjing frå bokmål til nynorsk 

Eg har mykje røynsle med nynorske tekstar, både når det gjeld omsetjing, korrektur og språkvask. Eg set om både til og frå nynorsk og har sett om over tusen bøker, stortingsmeldingar, årsmeldingar og andre dokument dei siste åra.

I nynorsk er det gjerne meir å ta omsyn til enn i bokmål. Skal me nytta a- eller e-infinitiv, skal stilen vera konservativ eller radikal? Slikt kan du som oppdragsgjevar ta stilling til – eller du kan be Rett norsk vurdera kva stil teksten bør ha ut frå den samanhengen han står i.